torsdag, mars 13, 2008

"Minne om ei underlig bevertning" - Elena Sjvarts på norsk

Bokmelding som stod på trykk i Dag og Tid, februar i år:


I 70- og 80-åra fekk Elena Sjvarts ikkje trykt dikta sine i Russland. I dag er ho Russlands største lyrikar og omsett til mange språk. Like før jul kom eit utval av dikta hennar på norsk, attdikta av poeten Jo Eggen. Samlinga føyer seg inn i serien Stemmens kontinent på Cappelen forlag og er gjeven tittelen Minne om ei underlig bevertning. Stemmens kontinent er eit rosverdig initiativ til å samle vidgjetne internasjonale diktarinner frå det 20. hundreåret i ei norsk attdiktingsrekkje. Dikta til den jødisk-ukrainske Sjvarts, ein lyrikar i nobelprisklassen, blir skildra som nybarokke komposisjonar og møtepunkt for vidt ulike impulsar. Historiske hendingar, religiøse symbol og refleksjonar og personleg-eksistensielle røynsler går saman og formar medrivande og forundrande leseopplevingar. Her får vi servert dei underlegaste forteljingar, frå skildring av rusen av å drikke brystmjølk til lovsyngjing av ei søppeldynge:

Kor finn eg vel krefter til å synge om deg, fagre dynge!
Om korleis du ligg strødd mot solnedgangen med bustehovudet ditt
og i den tunge tunge vomma di
sett katten klørne som ein pianist i kjole og kvitt.
Kledd i rotne speglar over det heile, med sprekkar
der malurten veks høgt,
er du som Venezia, men endra betre, katten
syng gondoliersong så det søkk.

Visjonær dikting
Elena Sjvarts høyrde til undergrunnslitteraturen i det gamle Sovjet. Men likevel er dikta hennar frigjerande tomme for tidsbunden politisk agitasjon og samfunnskritikk. Det er det religiøse og visjonære som er nerven i dikta hennar, og det gjer dei like aktuelle for nordmenn i dag som for russarar for tretti år sidan. Dei er likevel politiske i den tydinga at alt litterært og kunstnarleg arbeid har eit politisk aspekt ved seg, om så det ikkje kjem til uttrykk i ein eintydig partipolitisk bodskap. Det opposisjonelle ved undergrunnslitteraturen som ho var ein del av, låg heller i det at dei gjekk utanom dei stivna sosialistiske klisjéane åt statslitteraturen og søkte attende til ein visjonær mellomkrigslitteratur, den såkalla russiske sylvalderdiktinga som kommunistiske kulturbyråkratar hadde fått viska ut av historiebøkene. Marina Tsvetaeva og Osip Mandelstam var dei nye namna, medan ingen brydde seg lenger om den futuristiske pappskallen Majakovskij, som Josef Brodskij kalla denne feira sovjetkanoniserte lyrikaren, ikkje utan lidenskap og ærekjensle på vegner av diktekunsten, som er så typisk for russarane.
Men dikta hennar er ikkje visjonære i den tydinga at dei er reinska for attkjenning og daglegdagse tilvisingar. Russisk poesi går på tvers av skilje og littaturhistoriske liner som vi i Vesten er opplærde og disiplinerte i. Kvardagslege hendingar flettar seg saman med syner og openberringar: Ei barnvogn blir ein åstad for død og oppstode og føflekkane på huda åt diktar-eget blir eit astrologisk kart. Sjvarts eksperimenterer for å utvide erkjenninga av det realistiske, den reelle eksistensen vår, ho går aldri over i surrealisme. Den modernistiske lyrikken hennar er spleisa med ein versifikatorisk virtuositet. Ho dyrkar ein balansekunst som kjenneteiknar stor poesi.

Norske parallellar
Finst det norske parallellar til diktinga hennar, kan Georg Johannessen, som Jo Eggen jamfører henne med i etterordet til utvalet, eller vår samtidige Øyvind Rimbereid nemnast. Den sistnemnde er kjend som talsmann for ein topografisk lyrikk, ei dikting som har kulturell, historisk og geografisk lærdom knytt ein stad eller eit område som utgangspunkt. Han har, forutan om å syngje om Nordsjøen og sitt Stavanger, skrive eit langt forteljande dikt om heimstaden til Sjvarts, "St. Petersburg-vatn", den byen svært mange dikt hos henne krinsar om. Her er vi ved eit sentralt punkt ved poesisynet hennar, og ved all stor poesi: landskapet som uttømeleg kjelde til poetisk inspirasjon. Men likskapen med Rimbereid er ikkje attkjennande ved fyrste gongs lesing. Ulikt sine norske diktarbrør er ho både meir hardkokt, med omsyn til den dramatiske og hendingrike soga åt St. Petersburg, og meir audmjuk, med omsyn til tru og tradisjon, til religiøse forteljingar og folkelege segner.
Interessa hennar for heimstaden må ikkje knytast til den romantisk-modernistiske førestellinga om landskapet som berar av ei indre uforløyst diktarånd eller av urørde barndomsminne – ein idé utbreidd i norsk litteratur. Liksom hos Rimbereid handlar det om ei usentimental og klassisk-antikk tilnærming til landskapet. Sjvarts rører seg på overflata utan å bli overflatisk. Dikta hennar kan liknast med bilete, heraldiske og alkymistiske emblem og russiske ikon med symbol og teikn frå vår eiga samtid. Eit døme er diktsuiten "Usamanhengande forteljing om ei kommunal leiligheit" som dominerer i utvalet åt Jo Eggen. Husværet er eit bilete på byen St. Petersburg og buarane er tre menn frå ulike trusamfunn i byen, kristendomen, jødedomen og islam – eller jødisk kabbalisme og islamsk sufisme som den spiritualisme orienterte Sjvarts kallar det. Dikta hennar er rike på dulde referansar til mystikk og religion. Det gjev dei ein magisk dåm, stundom på grensa til det esoteriske.
Men sambandet mellom norsk og russisk kulturforståing sluttar likevel ikkje her. Skandinavar kan kjenne oss att i førestellingsverda til den peterburgske volva. Vi nordbuarar er høyrer etter klassisk gresk førestelling til det mytiske landet Hyperborea. Sjølvforståinga åt norske og russiske hyperbearar er ikkje ulikt når det kjem til stykke. Landskapet vårt er skint og berrt og det same pregar synet på oss sjølve. Sjølvbilete knytte til robuste plantar har norsk litteratur flust av, eit døme er Olav H. Hauge og finntoppen. Sjvarts ser seg sjølv som eit "blomedyr", ein "elena arborea" som "held til i det iskalde Hyperborea, / i mursteinshagar der, gras av stein".