torsdag, september 20, 2007

Norrøne gudar stikk av med premien


Bokmelding eg hadde på trykk i Dag og Tid i sumar:
Juryen for stor nordisk litteraturtevling forsynda seg mot avtala spel og vedtekne liner i norsk litteratur då dei kåra vinnaren. Den norske vinnaren av Cappelens store nordiske konkurransen om beste samtidsroman vart ingen ny Dag Solstad eller Kjell Askildsen, men Cornelius Jakhelln og boka hans, Gudenes fall. Det kom uventa på norske kritikarar: Manuset hans har tidlegare vore refusert på norske forlag, diktsamlingane utskjelte i bokmeldingar og, ikkje minst, mannen har ein urein bakgrunn: han høyrer til black metal-miljøet. Attpåtil er handlinga for romanen lagd til den norrøne gudeverda, eit emnet som sume meiner er meir historisk enn samtidig og såleis ikkje i samsvar med ordlyden for den prestisjefylte konkurransen med den spektakulære prisen sin: Ein halv million i premie, bokutgjeving i alle nordiske land og manuset som medlemsbok i Cappelens bokklubb. Ikkje rart at namnet på vinnaren vekte undring hos litteraturfolk. Boka har fått ei rad rosande meldingar, sume ikkje utan ein ironisk bismak, elles har det rådd ei flau togn hos kritikarane.

Ragnarok
Som tittelen ymtar om, handlar romanen om dei germanske gudane og dei siste dagane deira, før fallet – før ragnarok. Lesaren blir bombardert med namn, mytar og segner frå den norrøne fortida. Vi blir kjende med verda deira deira gjennom hovudpersonane, Odin og sylvdvergen Hornbore, som er forfalne til dekadanse. Dei nyt dagane på balkongen til Odin, der dei slår tida i hel med whiskydrikking og sigarrøykjing, men dei kjenner samstundes dragnad mot ettertanke og filosofi. Det særeigne ved Jakhellns presentasjon av gudeheimen er for det fyrste plasseringa av handlinga i notid – æsene og vanane forsvann ikkje då Noreg og Island vart kristna for tusen år sidan, men flytte til eit eksilvalhall under jorda, der dei planlegg atterreisa til Island og Noreg i år 2000 – og for det andre det låg- og populærkulturelle innslaget. Ein sal i eksilvalhall heiter "Svinesti", og der oppfører dei gamle gudane våre seg som ein gjeng tenåringar. Dei kranglar, festar, ranglar, bannast, drikk og har sex. Ja, dei kan ikkje eingong tala riktig. Romanen er forfatta på ein ljodrett skrivemåte som avslører talefeilane åt gudane: Dei uttalar kj-ljoden som skj-ljod. Saman med ein utstrekt bruk av bad taste-humor gjer det den fire hundre siders lange boka til ei prøving å koma igjennom. Dei mange scenene med flathumor freistar lesaren til å leggje boka frå seg.

Åsatru og kristendom
No melder den eine fordomen etter den andre seg. Her møter vi så endeleg forfallet i norsk litteratur: Ein diktar med eit pubertalt, provokativt og svart-kvitt syn på livet, det heilsvarte som medisin mot det kvite og med ein lærkledd Odin som føregangsmann. Men slik er det ikkje. Jakhelln er meir nyansert og mangfaldig enn som så. Dessutan er ikkje boka eit portrett av black metal-miljøet, liksom ei rekkje andre romanar som har kome ut dei siste åra. Jakhelln har breiare interesseområde – ein bakgrunn både som doktorgradstudent og black metal-musikar – og boka hans er ei oppkome av all slags sjangrar, tema og stilartar. Sant nok kan dei innvigde i black metal finne løynde referansar i romanen, men ho er like rik på tilvisingar til litteratur- og filosofihistorie. Her er mange kapittel som inneheld reine diskusjonar over klassiske filosofiske problemstillingar. Endåtil Odin er merkt av same hybride samansetjinga som romanen han opptrer i: Han blir framstelt som ein raffinert feinschmecker av klassisk musikk, med Wagner og Geirr Tveitt som favorittar, men samstundes elskar han å opptre på stand-up-komediane i "Svinesti" med smaklause anekdotar, og i løynd lyder han på "blækk føkking sjittmetell". Romanen framsteller heller ingen kamp mellom åsatru og kristendom. Odin står fram som ein etisk forkjempar for den antikke stoisismen, og hovudfienden i boka er sjølv frå den norrøne fantasiheimen, dvergen Regin som vil bytte ut dei syndige menneska med kontrollerbare robotar, ”biontar”. Det sistnemnde, saman med den ortofone, futuristiske språkforma, knyt boka dessutan opp mot ein annan populærkulturell sjanger, science-fiction-litteraturen.

Komisofien
Undertittelen på tittelsida, "sagaroman", kan gje feil assosiasjonar. Her finst ikkje spor av den korthogde og underfundige humoren i dei islandske ættesogene. "Sagafarse" eller "sagatravesti" er meir dekkjande etikettar. Det er skratten åt narren som er det sentrale for Jakhelln. Kapitlet 44 (s. 200) set den sære blandinga av seriøs filosofi og rå humor i eit større perspektiv. Odin har ordet og gjev oss den overordna planen for boka, "komisofien". "Å virkeli filosofere", fortel Odin på ljodhermande oslomål, "består i å håne og latterlijøre visdommen", og "er de ikke nettopp va jei har jort i Svinesti, å håne visdommen me humor, å håne humoren me visdom". Det er mykje hos Jakhelln som kolliderer med den norrøne kultur om vi jamfører førestellingsverda hans med tankeheimen i dei opphavlege eddakvæda, men vi kan ikkje skulde han for gjøn og ap med gudane. Primitiv og grov narreskap var ein like viktig del av norrøn kultur som den høge visdomen i Håvamål. Mellom det rike mytestoffet som Jakhelln auser av, finst segnene om Loke som skapar seg om til ei merr og parar seg med ein hingst og om Tor som kler seg ut som ei brur – den kjende ”Trymskvida”. Desse historiene er så godt innarbeidde i Gudenes fall at ein skulle tru at dei var Jakhellns komiske påfunn og ikkje faktiske forteljingar frå Edda. Låtten inngår i eit mytisk rituale som har til mål å tryggje den vitale krafta i livet.

Norrøn mytologi
Det faktum at Jakhelln fører den norrøn kulturen på banen att, er rosverdig. Den gamle fortida vår har fungert som rik inspirasjonskjelde for norske kunstnarar og forfattarar opp igjennom tidene – ikkje minst for den nynorske bokheimen – og kvifor skulle ho ikkje vera like brukande i dag? "Torslyftet" var den nemninga diktaren Olav Nygard sette på visjonen sin om ein norrøn renessanse i norsk dikting. Men det er heller tvilsamt om han ville kjent seg att i det ureine og kaotiske universet til Jakhelln, endå han nok hadde nikka godkjennande til bruken hans av heilnorske ord som "heimsrommet" og "overheimen". Det er likevel gledeleg at black metal-miljøet – som er marginalisert i det norske litteraturfeltet, men som med heile populærkulturen for auga, er det største kulturelle eksportproduktet til Noreg – har teke vare på kulturarven vår og evna å fostre ein diktar med ei slik skriveglede og slike imponerande kunnskapar om klassisk og norrøn historie. Jakhelln gjenfortel så mange av dei klassiske mytane i boka at ho – med den store appellen og utbreidinga ho har i kraft av den nordiske romankonkurransen – tener som ei framifrå og humoristisk innføring i norsk kulturhistorie for unge lesarar. Det er den skamdjerve omgangen med konvensjonar og sjangrar, sameininga av det høg- og lågkultur, atterskapinga av norrøne forteljingar i vår tid som gjer Gudenes Fall til ei god leseoppleving. Jakhelln syner oss at vegen frå populærkultur til klassisk danning er stuttare enn vi trur. Ulukka i dag er at mange alvorsame og pietistiske litteraturfolk forlesne på litteraturteori tolkar omgrepet samtidslitteratur som litteratur skrella for historisk innhald. Det er sjølvsagt heilt misforstått. ”Samtid” går på levetida åt forfattaren, ikkje tidshandlinga for forteljinga. Gudenes Fall er dessutan ein for eksperimentell og urein komedie til å kunne gå under merkelappen ”historisk roman”.