Bokmelding eg skreiv for Dag og Tid, 21.12.06
I essaysamlinga Hvorfor ensomt leve gjer Øyvind Rimbereid seg til talsmann for noko som ingen har våga på over to hundre år: Han forsvarar poesien til Claus Frimann, ei dikting som endåtil Francis Bull ville veifte bort med merkelappane folkeopplysing og didaktikk.
ESSAY
Øyvind Rimbereid:
Hvorfor ensomt leve
Gyldendal
Dei gamle poetane var levande leksikon og berarar av genealogisk, mytologisk og historisk lærdom. Eit døme er Petter Dass og diktsuiten hans til Bergen etter bybrannen i 1702. Det poetiske ynsket hans om hell i framtida for byen er fletta saman med lovprisingar av soga, landskapet og næringslivet til Bergen. Samtidspoetane er derimot vaktarar av tagnaden i språket mot larmen frå forretningslivet. Dei har fridd seg frå den gråe bakgrunnsstøyen, anten i form av dyrking av det patosfylte eller det kvardagslege og trivielle. Men kva posisjon gjev rom for mest perspektivrik lyrikk, spør Øyvind Rimbereid utfordrande.
På skular og universitet blir det gjort kort prosess med førromantisk litteratur: Han har «mimesis» til styrande prinsipp, etterlikning av naturen. Det er fyrst på 1800- og 1900-talet, når forfattarane skaper sin eigen litteratur på tvers av klassisisme at verkeleg stor dikting blir skapt. Slike postromantiske villfaringar går Rimbereid til rette med. I kapitlet «Om det topografiske diktet», høgdepunktet i essaysamlinga, tek han føre seg diktinga frå antikken til i dag med utgangspunkt i termen thopographia, gresk for «skriftleg skildring av staden», og røkjer etter i kor stor grad staden eller landskapet med det encyklopediske registret sitt av menneskeleg liv har vorte teke opp i poesien. Han nyttar thopographia såleis som ein prøvestein på perspektivrikdom i lyrikken. Eit høgdepunkt finn han i den klassiske diktinga med lovprisinga si av byar og land, med ei mengd av historiske og sosiale kunnskapar og klassisk-antikke konvensjonar knytte til seg, og viser mellom anna til dikverk som Om Norgis rige av Absalon Pederssøn Beyer frå 1567 og Nordlands Trompet av Petter Dass frå 1739 – ikkje 1732, som Rimbereid skriv.
Ulven og Welhaven
Skrivekunsten deira karakteriserer Rimbereid som ein «urein litteratur». Fyrst i overgangen frå klassisisme til romantikk blir diktinga utsett for ein reinsingsprosess som snudde på samhøvet mellom «prosa» og «poesi». Det topografiske vart rydda ut av det poetiske og flytt over i fagprosaen og faglitteraturen. Det store skilet i litteratursoga blir såleis ikkje mellom romantikken og modernismen, men mellom førromantikk og romantikk. Fylgjeleg blir ein erkeromantikar som Welhaven og ein modernist som Tor Ulven meir nærskylde enn friske og sunne studentar torer vedgå, der dei balar med å få litteraturhistoriske inndelingar og sjablongar til å gå opp – den sistnemnde er emne for masteroppgåver ved norske universitet så å seia annakvart år, medan den fyrste ikkje blir ofra ein tanke.
Rimbereid legg opp til ein nærskyld strategi i dei andre essaya: Det episke i essayet «Episode og forandring», det kunstferdige i «Ordenes tsunami», det munnlege i «Lyden i lyrikken» og metaforen i det underhaldande essayet «Livet som indianar». Dyrkinga av språkleg autentisitet svarar Rimbereid med påstanden om «språkets essens» som «inautentisk og kunstig» (s. 187). Jamvel den mest avdekte smertepoesien er form, hevdar han, men utan å bli formalistisk: Ein mistydd attityde som oppstod i romantikken, er at «formproblem kunne være symptom for utilstrekkelig talent» (s. 60). Metaforen, som har vorte vist bort som «utvendig staffasje», er det som skaper «kontakt med vårt menneskelige potensial, våre muligheter», skriv Rimbereid (s. 171).
Diktet og essayet
Rimbereid skriv sakleg og nøkternt, men tenkjer lesaren etter, er det ikkje måte på kva djervskap og høgd det er over essaya hans. Prosjektet kjenner vi delvis att frå Georg Johannesen; den radikale tilnærminga til litteratur og samtid – med sidespark til dei norske media, «medienes emasjonstriggeri» som han råkande kallar det, og snever litteraturforsking – og interessa for antikken og retorikken. Det er ikkje tilfelleleg at forma som Rimbereid pakkar tankane sine i, er essayet, den mest eklektiske av alle sjangrar, og såleis eit moderne sidestykke til det klassiske topografiske diktet – som Rimbereid har nytta som inspirasjonskjelde i diktsamlingane sine.
Er det noko eg saknar, så er det tilvising til samtidig topografisk orientert poesi, til dømes Omeros av nobelprisvinnaren Derek Walcott eller The Hudson Letter av Derek Mahon, ein konfrontasjon med den siste poetikken til Søren Ulrik Thomsen, En dans på gloser (1996) – hans Mit lys brænder (1985), som Rimbereid diskuterer, har vel alt mist autoritet – og utforsking av vertikale og ikkje berre horisontale liner i førromantisk dikting.
Spranget ut i det ukjende
Rimbereid skriv at diktet «ikke kan stige over terskelen» og «diktet er her», men at det likevel «kan glemme å besinne seg» (s. 151) og «metaforen henger sammen med vår evne til å gjøre sprang ut over det vi ser her og nå» (s. 172). Men dette er berre merknader. Hvorfor ensomt leve er den viktigaste boka om poesi som har kome ut i Noreg på mange tiår. Det er mi von at ho vil nå ut til mange lesarar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar