Kor lenge er det ikkje sidan sist
eg låg på snøen og kika forbina på nattehimmelen,
på dei millionar tindrande gneistane
i den uhorvelege stjernevrimmelen?
Gudane vite om det var slik no.
Men når eg tittar bortpå horoskop i blad
og aviser, er det ikkje likevel
dei same gåtene eg høyrer av?
- uavhengig av om dei enno finst der
eller alt har slokna i det aude rom,
om eg igjen fann på å kike opp
og berre fann kvelven stummande tom.
Ho eller han som hadde denne hybelen
før meg, har som den lettaste sak,
som den mest naive heimehygge,
klistra stjerneklistremerke på vegg og tak.
Så når eg slår av lyset, er dei der att:
På tjuge kvadratmeter, glans og glim
av millionar tusen lysår, ei stakkars barnleg
eldmørje av cellulose og lim,
det som står skrive i stjernene eller ei,
det trollmenn under høgreiste spir
brydde hovudet med, allheimens
ugripelege blåne klistra på papir.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar