søndag, april 22, 2007

Dikt mot oppløysinga av norskfaget

Melding som stod på trykk i Dag og Tid, 13. 4. 07:

LYRIKK:
Jørgen M. Sejersted og Eirik Vassenden
Lyrikkhåndboken
101 dikt og tolkinger
Spartacus forlag


Lyrikkhåndboken er ein kritikk av grunnlaget for utdaningspolitikken og læreplanen for norske skular. Medan skulen meir og meir blir eit forsøksfelt for ulike pedagogiske metodar, går to unge filologar ved Bergens Universitetet, Jørgen M. Sejersted og Eirik Vassenden, den andre vegen. Dei har sett saman ein antologi over norsk lyrikk som baserer seg på kunnskap og innhald – eller danning og kanon om ein vil. Målgruppa som er nemnd på omslaget åt boka røper dette programmet: Boka er retta mot lærarar, elevar og studentar ved norske skular og universitet. Når vi veit at Sejersted og Vassenden har uttrykt seg kritisk til utviklinga av den nye læreplanen, mellom anna i Norsk Litterær Årbok, der dei to deler redaktørvervet, er det ikkje vanskeleg å gjette at kritikk av utdanningspolitikken har vore ei drivkraft for arbeidet med denne antologien, endå det ikkje blir nemnt i føreordet.

Studiebok for norskfaget
Denne tanken blir òg stadfest når vi jamfører Lyrikkhåndboken med andre diktantologiar. Ulikt dei fleste antologiar over norsk poesi har Sejersted og Vassenden basert utvalet på både historiske og samtidige dikt, og utstyrt dei alle med stutte diktanalysar – til saman 101 dikt frå ”Draumkvædet” i mellomalderen til ”Bakgården. Et fall” av samtidspoeten Bertrand Besigye (f. 1972). Mellom dei finn vi påfallande mange attergangarar frå skulestilar, og overraskande nok nasjonalsongen. Ved å gjera nylesingar av eit slik symboltung dikt ynskjer dei å avmystisere nasjonalkjensla i diktet og sjå det som ein produkt av tida det vart skrive i. Lyrikkhåndboken inneheld såleis både tradisjonelle presentasjonar og nytolkingar og fungerer som ei studiebok høveleg for norskfaget, samstundes som ho er ei innføring i norsk poesi for generelt lyrikkinteresserte.

Dei fire viktigaste poetane
Det vil alltid oppstå usemje kring kanoniserande verk av dette slaget. Sume vil nok etterlyse meir eksperimentell samtidspoesi, andre fleire nolevande tradisjonelle diktarar som Kolbein Falkeid og Arnold Eidslott, og atter andre vil sakne eldre dikting, til dømes den norrøne edda- og skaldediktinga. Poetane i antologien er representerte med eitt eller to dikt, så nær som dei fire viktigaste som opptrer med tre dikt kvar – desse vala fall innsiktsfullt på Henrik Wergeland, Olaf Bull, Rolf Jacobsen og Olav H. Hauge. Fagspråket i dikttolkingane er òg uproblematisk, endå bolken med ordforklaringane sist i boka gjerne kunne ha vore lengre. Det er uråd å omtala lyrikk presist utan kunnskapar om verslære og eit minstemål av fagtermar. Dikttolkingane deira er òg stort sett greie: Dei er detaljerte, grundige og svært edruelege. Bergensfilologane er kjende for dette. Dei er høyrer ikkje til den gruppa av litteraturvitarar som skeier ut med utropsteikn i diktanalysane.

Romantikk og modernisme
Men det kan sumtid bli for mykje av det fornuftige. Enkelte gonger fylgjer Vassenden og Sejersted dei litterære strukturane i dikta for langt unna det som eg forstår er intensjonen hos forfattaren, slik at dei tekstene dei ville avmystifisere, likevel blir strukturalistisk mystifiserte! Til dømes les dei det siste verset av "Då Gud heldt fest i Fjaler" av Jacob Sande som ein marxistisk kampsong, og ser kveldsmotivet i "Sen august" av Inger Hagerup, der kvelden er eit bilete på okkupasjonen i andre verdskrigen, som ein allusjon til "No reiser kvelden seg" av Olav Nygard, der han blir feira som innkoma av skapingkreftene. Andre gonger gjeld det inndelinga av dikta i litteraturhistoriske båsar, der tekstene blir sett på som førevarsel på eller oppfylling av den eine ismen etter den andre. Eit døme er ei uhistorisk tolking av ei tekst på side 60: ”Diktet kan dermed leses som 1700-tallets foregripende kritikk av den senere naturdiktning i romantikken.” Her blir 1700-talspoeten skildra som ein spåmann på vegner av framtidige ismar. Ein slik presentasjon av litteraturen fremjar eit uheldig syn på poesi hos studentar: Diktkvalitetet blir vurdert etter kor ”forløyst” eller ”uforløyst” teksten er i høve til litterære straumdrag. Tolkingane blir meir forvitnelege når dei dreg inn den historiske samanhengen eller når dei les tekstene i ljos av tematikken – til dømes det forvitnelege tre-motivet som dei påviser står sentralt i norsk lyrikk.
Men liksom kritikken av oppløysinga av norskfaget er det likevel tydeleg at redaktørane her òg har ein plan, eit ”oppryddingsarbeid”. Nylesingane deira utfordrar diktanalysane vi vart mata med på skulen: ”Til ungdommen” av Nordahl Grieg er like militaristisk som humanistisk, tingdikta hos Olav H. Hauge er bilete menneskelege eigenskapar, dikt hos Gunvor Hofmo vitnar om protestantisk angerkjensle, og det finst gløymde dikt frå 1700-talet av stor kvalitet: ”Majdagen” av Christian Braunman Tullin.

0 kommentarer: