I haust stod denne verseduellen mellom Helge Torvund og meg på trykk i Dag og Tid.
SS Retro
Ein diktar frå Ulvik dikta ein gong
ein våg full av draum, av lengt og av song,
Ei vik som me kanskje aldri vil nå.
Me kallar ho vika til han Olav H.
På klukkande bølgjer,i sommarleg bris
sig skipet inn vågen på seglskuters vis.
Ei fullrigga skute med ror og kaptein.
Figuren i baugen er vaska og rein.
Det namn som står skrive, høgt over hav,
er «SS RETRO», med snirkelbokstav.
Ved rattet, i brisen, så høgreist og pen,
står sjølve kapteinen, Eirik Lodén.
Alt verkar harmonisk, ein sjømannsidyll.
Ingen piratar med kagger og fyll,
men ver gjerne varsam, for skuta er stor,
og eg har erfart, dei har kanonar om bord!
Kva som er lasta? Ikkje krydder og gull.
Og ikkje ein sjukdom med smittande byll.
Kva fører dei då? Kva har dei om bord?
Vel, skipet er lasta med haugar av ord.
Her er orden på skipet. Her finst ikkje slurv.
Kanonar vert ladde ved synet av spurv.
Ein kjend passasjer er riddar av stand.
Ser han ei vindmølle, må han i land.
Eg ligg innpå stranda, gøymd bak ein stein.
Skjelv i skjelettet og kjenner meg klein.
Eg er ikkje mølle ell’ spurv slik dei trur,
men veit at eg luktar, av di eg er sur.
Og figuren i baugen han ser denne veg.
Det er Ronny Spaans! Han ser rett på meg.
Dei skyt med kanonar, set ein riddar i land.
Snart er eg bunden på versfot og hand.
«Jamen, eg likar jo både Basho og Bull!»
Eg roper fortvila. Men dei roper: «Tull!
Eit trelinjers dikt kan ingenting sei?
Kortdikt går planken frå denne galei!
Du har sagt at rimdikt er smil og klisjé!»
«Nei, nei, nei! Eg har aldri sagt det!
Gje meg Tony Harrison, Tor Jonsson og Jens!
Eg les Olav Nygard. Han er intens!»
«Men du trur at urim er ein kvalitet!»
«Nei, nå er du urim’leg. Ta nå til vet!
Lite kjem opp mot ein fullendt sonett!
Du forvrenger mitt diktsyn. Det er ikkje rett!»
Nå tek dei fram verktøy, vil driva tortur.
Dei les eigne dikt for meg, høgt etter tur.
Eg bed dei om nåde, eg fell ned på kne!
«Les heller Stangnes! Ja, gjer heller det!»
Eg gjev opp. Eg tilstår mi fåkunne nå.
Så langtekkeleg dikting kan eg ikkje forstå!
Dei høyrer meg ikkje. Dei gjev ikkje fred.
Dei drep meg til slutt med ein sylskarp spondé.
Og undrar du deg der du står på ein haug
og ser SS RETRO med skinande baug
segla frå vågen med akter forut,
så tei bare still. Dei har kanonar og krut!
Eg ligg still attende på tare og sand.
Ei gråmåke set seg på mi venstre hand.
Frå skuta ler Spaans og Lodén med eit knegg:
Til vinteren kjem det nok rim i mitt skjegg.
Helge Torvund
Mitt svardikt til Torvund, på same meter og i tillegg same rimord:
SS RETRO II
Dei lyriske skipa var trygge ein gong,
for hamner var opne for verskunst og song.
Til bortaste øyane dikta fekk nå,
og heilt inn til Ulvik og han Olav H.
No råder det ikkje meir medbør og bris.
Eit skip går i uvêr på stakkarsleg vis,
ei bortkomen skute med ror og kaptein
som bårer og brotsjøar stødt vaskar rein.
Den skuta vart fagna på alle sju hav,
var smykka og pynta med snirkelbokstav.
Kapteinen var då både mektig og pen,
den nye er lurvut, d’er Eirik Lodén.
Vi lengtar attende til sjømannsidyll
med romslege landlover, kagger og fyll.
Men gjestmilda er ikkje lenger så stor–
dei godtek ’kje dikta vi har med om bord.
Kva dikt har vi så? Ikkje prydande gull,
ell’ simpel lyrikk som gjev sinnet ditt byll.
Forboden er frukta vi lasta om bord:
magien i rima og rytmiske ord.
På land ser eg éin som fer sjeldan med slurv,
i kritikarlag er han slett ingen spurv,
ein høgakta meldar av diktkammer-stand.
Kan hende lèt han oss få koma i land?
Men nei, for han bykser bak lyngkratt og stein,
forelska i beingrinda, kjenner seg klein.
Eg er ikkje fårleg som mange no trur:
«Høyr kva eg vil seia og bli ikkje sur.»
Men argingar rettar skarpt skyts mot vår veg.
Og før eg får sagt meir, dei høgg i til meg:
«Vi lèt ikkje allslags poetar i land,
vi har ei forpliktande kritikarhand.»
Eg minner om Snorre, eg påkallar Bull.
«Nei, for noko gamalt og patosfylt tull!»
Dei ropar: «Sats heller på brosme og sei,
gjer fiskebåt av din fortapte galei.»
Den godtrune Torvund held strid for klisjé
og trur det gjeld han, men det gjer ikkje dét.
Vi likar jo begge Tor Jonsson og Jens,
men klaga frå andre er rett så intens.
Dei trur at lyrikken har sin kvalitet
i rein teori, dei må snart ta til vet!
Vi tykkjer at frisleppte vers og sonett
kan jamsides nyttast med like stor rett.
Lyrikken er offer for verste tortur,
for dei refuserer oss, tur etter tur,
og tvingar oss ned til vi bed høgt på kne:
«Les prosaen vår, gjer i alle fall dét!»
Til innsikt vi vonar han eingong vil nå,
at striden er større, det må han forstå.
Den heimlause skuta vår får aldri fred
før hamnene tillèt troké og spondé.
Og undrast du der du står trygt på ein haug
og ser SS Retro med slingrande baug
gå tungsamt i uvêr med akter forut,
så ver ikkje hard, legg bort bomber og krut!
Vi går nok ein dag på ei grunne av sand,
blir sitjande båtlaus’ med hovud i hand,
så sauer og gråmåsar flirer med knegg
imedan vi skaffar oss torvundske skjegg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar