tirsdag, juli 04, 2006


Artikkel eg har hatt på trykk i Dag og Tid:

Den europeiske Petter Dass attfunnen


Petter Dass var ingen heimstaddiktar, men ein klassisk lærd poet som skreiv for dei lærde, hevdar Hanne Lauvstad, som har skrive den fyrste doktorgradsavhandlinga om diktarpresten.
Biletet vårt av Petter Dass har gjennomgått store endringar dei siste åra. Portrettet i Melhus kyrkje er det einaste kjende biletet av nordlandsdiktaren. Det har vorte undersøkt på ny og sume meiner det heller føresteller Melhuspresten Oluf M. Darre. Biletet av presten med den strenga mina kring augo, men samstundes dei raudmosne kinna, dei raude hårkrullene – eit minne om det skotske opphavet hans – og den mette, gode magen, har vore grunnlaget for alle andre bilete av diktarpresten. Kva om han i røynda var ein mann med eit bleikt, blodfattig andlet og ein radmager figur? Det ville bryte med alle førestellingar vi har om han. Dikta hans har òg mått gjennomgå. Hanne Lauvstad er nettopp ferdig med ei doktoravhandling om hovudverket hans, Nordlands Trompet, det nordnorske nasjonaleposet. Avhandlinga heiter Helicons Bjerge og Helgelands schiær – Nordlands Trompets tekst, repertoar og retorikk. Konklusjonen hennar er ikkje mindre radikal og utfordrande. Diktet er ikkje eit heimstaddikt, ei personlege skildring av Nordnoreg, slik som boksoga fortel, men eit lærd dikt om stod midt den europeiske litteraturen.

”Protestdikt”
Det tradisjonelle synet på diktet vart danna på 1800-talet, i ly av eit nasjonalromantisk litteratursyn, og trass oppkoma av nyare litteratursyn, har det halde seg stort sett i heile det 20. hundreåret – frå nasjonsbyggjande synspunkt hos Francis Bull til ein regionsbyggjande forståingsmåte i nyare tid. Ei personleg skildring av nordnorsk folkeferd og originale, råkande sansingar av nordnorsk natur og dyreliv har vorte halde fram som den litterære kvaliteten hos Dass, medan tilvisingar til klassisk mytologi og dei barokke ”krummelurane” har vorte sett på som veikskapen. Ein skal ikkje leite lenge for å få dette synet stadfesta. Eit døme er føreordet til utgåva av Nordlands Trompet som Gyldendal gav ut i klassikarserien sin i 1994. Her – med norsk EU-kamp til bakteppe – kan vi lesa at Nordlands Trompet er eit ”protestdikt” mot framand latinsk kultur og embetsstanden, og eit forsvarsskrift for det folkelege og norske. ”Hr. Petter fant tilstrekkelig inspirasjon hjemme i Norge” skriv forfattaren av føreordet, Nils Magne Knutsen.

Kunst- og skjønnlitteratur
Hanne Lauvstad meiner at desse forskarane les Dass med moderne skjønnlitterære briller. Med avhandlinga vil ho forstå diktaren ut frå hans eigne føresetnader, innan ramma av det ho kallar kunstlitteraturen, ei førromantisk forståing av litteratur. Ho granskar difor Nordlands trompet i ljos av lærdomen på latinskulen i Bergen og universitetet i København – den klassiske retorikken. I byrjinga av diktet understrekar Petter Dass at han tuftar diktet på heimleg kristen tru og ikkje dei romerske musene, diktargudinnene. Men referansar til dei latinske gudane Eolus og Neptun, som førekjem på dei påfylgjande sidene, bryt likevel med dette programmet. Slikt verkar ulogiske for ein moderne lesar. Men denne motsetnaden er i samsvar med den retoriske praksisen hos samtidige diktarar, hevdar Lauvstad. Det same gjeld attgjevingane av samtaler på dialekt. Dei har vorte sett på som prov på samkvemet diktaren hadde med allmugen og sansen hans for daglegdagse episodar. Men etter Lauvstad var slike scener skrivne for å stette det retoriske kravet til lågstil. Og ikkje nok med det. Dass fann dei hos klassiske diktarar og overførde til eit nordlandsk miljø. Nordlands Trompet er ikkje eit vellukka dikt fordi det protesterer mot den kunstferdige stilen i samtida, men nettopp fordi det fylgjer den latinske retorikken og er ein framifrå imitasjon av klassikarane, skriv Lauvstad. Den klassiske lærdomen blir sameina med den nordnorske røyndomen. Naturskildringane er ikkje heimstaddikting, men er til for å forkynne om Guds skaparverk.

”Vær hilset, I Nordlands bebyggede Mænd”Doktordisputasen til Hanne Lauvstad vart halden i Oslo, 10. mars. Det var to opponentar til stades. Dei begge var professorar frå svenske universitet og det synte seg snart at den svenske litterarturforståinga ikkje kunne plasserast på den norske Petter Dass-forskinga. Ingen av dei forsvarte det tradisjonelle synet på Petter Dass. Dermed vart det ingen diskusjon med utgangspunkt i førestellinga om heimstadsdikting. Men det oppstod likevel ein viktig debatt. Den eine opponenten, Marie-Christine Skuncke, kritiserte det mest kontroversielle punktet ved avhandlinga til Lauvstad. Det kjende opningsdiktet i Nordlands Trompet, ”Vær hilset, I Nordlands bebyggede Mænd”, skal etter Lauvstad berre vera retta mot lærde lesarar, ikkje både lek og lærd, som andre verselina vitnar om: ”Fra Verten i Huset til trælende Svend”. Denne tiltalen meiner Lauvstad berre fungerer som eit retorisk grep. Skuncke tok derimot utsegna til Dass bokstavleg og viste til den munnlege karakteren til kunstlitteraturen. Dikt var ikkje berre skrive med tanke på skriftleg, men òg munnleg framføring. Ho heldt det for sannsynleg at delar var Nordlands Trompet vart songe eller sagt fram av allmugen. Korleis diktet verkeleg vart spreidt på 1600-talet vil vi nok aldri få oppklaring i. Nordlands Trompet kom fyrst ut i bokform etter Petter Dass’ død, i 1739. Svaret ligg gøymt i ei ukjend fortid saman med utsjånaden til diktarpresten.

1 kommentarer:

Anonym sa...

hei, takker for en flott bogg. Forfriskende å se noen som blogger om akademiske tema og dertil Petter Dass! mer sånt!