mandag, mai 15, 2006


Det sixtinske kapell, Vatikanet

Før var det mysteriøse bakom liv og død
ein løyndom som berre var sann
for dei som med lidenskap og glød
nærma seg det: Ein mystikar på brød
og vatn, ein eller annan heilagmann

med fattigdomslovnad, ei og anna møy
som heldt på dygda si, ein tynn og mager
visjonær i slite, tarveleg tøy
eller ein einebuar på ei einsleg øy.
Folk råka av store lidingar og plager.

Men sidan den kunstnaren kom
som femnde vidt, forkasta reglar og lover,
den ærekjære bilethoggaren som
trassa alle påbod om helg og heilagdom
og makta lyfte det heile vegen over

på dette taket, i dette kapellet –
så det røynte på han, kosta han
heile hans vaksne liv og i veldet
av blod og slit, gjorde han skral av elde,
krokut, og mesta tok frå han all forstand

– så har det vore så vidt og allment kjent,
så sjølvskrive synleg og tilgjengeleg,
så opplagt innlysande og evident.
Det alle har fått auga på og erkjent
som trygt og lett gjenkjenneleg.

Det uforklarlege som alle har visst av,
vore klar over og teke for gjeve.
Det mystiske alle har visst kva var,
har høyrt om på radioen, lese om i blad
og tidsskrift og sett på tv.

Så har det vore det andektige
vi til punkt og prikke har planlagt når
vi skulle besøkje, det dunkle og mektige
vi har vore påpasselege og prektige
å kjøpe livs- og reiseforsikring for.

Det som vi under ein framand himmel
har venta rastlaust og utolmodig på,
har forbanna i trengsel og vrimmel
av turistar, det som har gjort oss svimmel
og skapt oss føter med blemmer og sår.

Det som i ein kø som ikkje har rokka
på seg eller flytt seg det minste grann,
har gjort oss stive og forstokka,
fått oss til å geispe, kike på klokka,
før vi til sjuande og sist har nådd fram.

Det vi sakte, gruppevis og rutinert
har kremtande beundra, roleg og still,
har kviskra eit par ord om, fotografert,
beundra endå meir og kommentert
og varsamt kremta og hosta litt til.

Opphavsmytar og bibelske stunder
av lysande kvitt, gult og marineblått
med helte- og gudeforteljingar under
av store bragder, lynande vedunder.
Skapinga som noko spontant og brått

i mellom det åndelege og konkrete,
som eit evig uoppnåeleg punkt
av luftige og himmelblåe leter,
som vi skapte i det same biletet
lenge har kika på, og fått nakkevondt.

Det guddommelege genuine,
som har gjort oss slitne og mektige mett
og gjeve oss ei knakande hovudpine,
som vi med pust i bakken ein liten time
har kunna døyve med ein paracet.

Døden på museumskafeen i ei krå
som vi har snakka fram og tilbake om,
har undrast over, tenkt vidare på,
som vi endeleg har vakna frå
då kaffikoppen var drukken tom.

Den dommedagen vi har bia ved
på skjermen på det digitale kameraet,
apokalypsane vi har vore heldig med,
som i lyssetjinga har vore ein suksess,
og vi har meint vi burde bevare.

Eller dei visjonane som profeterte
ikkje på nokon måte heldt stikk,
dei som for lyse og overeksponerte
eller for vage og for lite fokuserte
vi har underkjent med eit lite klikk.

Det på den andre sida i museumsbutikken
vi har funne etterlikna i mengdevis:
vårt jordiske i krukkene og keramikken,
sjela vår transparent i glasmosaikken,
i lyshaldarar, skåler og service.

Skrekken for det ukjende opp i dagen
på kjedene lett og ledig om armen,
pinsane med eit knips på kragen,
krossane hengjande nedpå magen
eller lettvint framme på barmen.

Det mysteriøse av beste sort
som har falle oss aller mest i smak,
det vi har plukka ut i eit panoramakort,
har utstyrt med ein reiserapport
og ei helsing til slekt og vener bak,

men misnøgd med kvart skrive ord,
det av oss vi likevel har rive i stykke
og kasta frå oss med ei falsk og innbilt von
at kanskje neste mysterium-attraksjon
gjev oss ei meir inderleg personleg lykke.

0 kommentarer: