
Bokmelding som tidlegare i år har vore på trykk i Dag og Tid:
Latinsk poesi eller norskdom
Odar. Andre samling inneheld vakre gjendiktingar og er kritikar nominert for beste omsetjing.
LYRIKK
Horats: Odar.
Andre samling
Føreord, utval og gjendikting ved Johannes Gjerdåker
Det Norske Samlaget 2005
Johannes Gjerdåker har gjeve ut den andre samlinga si av gjendiktingar av Horats. Ho syner at latin er i vinden. Men interesse for latin har ikkje alltid vore i samsvar med målstrid og norskdom. På folkehøgskulane måtte Horats vikefor Snorre og diktarar som la ein klår nasjonal bodskap i dikta sine. Skuleborn skulle lesa om norrøn fortid og norskdom, om dei ikkje fylte timane medkroppsøving og handarbeid. Den danningstradisjonen som Horats representerte, var ikkje i samsvar med dei nasjonale og pedagogiske prinsippa som den moderne norske skulen skulle byggjast på. Denne framstellinga er velkjend for målmenn. No hundre år etter at Noregs Mållag vart skipa, støyter ein enno på liknande førestellingar, om enn i ein annan innpakning.
Litteratur på nynorsk skal vera «direkte og uelegant», og såleis demonstrere mot litteratur på «kultivert bokmål», eg siterer frå ei bokmeldingsom nyleg stod på prent i ei norsk avis. Men motsetninga mellom det ekte norske og det kultiverte europeiske byggjer på ei overflatisk forståing av norsk språkog litteratur. Går ein mottakinga av latinsk dikting i norsk kultur nærare etter i saumane, viser det seg at romaren Horats ikkje alltid har vore eit ugras i målåkeren som måtte lukast bort snøggast råd, før det forgifta skuleborna med kronglute setningar og patosfylt lyrikk. Vi minnest endelykta til vesle Marius iGift av Alexander Kielland. Han døydde med eit latinsk paradigme på leppene. Som diktar har Horats nemleg vore så viktig for alle europeiske kulturar, også den norske, at det ville vera eit mistak å bortvise han. Det går fram av samlinga av Horats-odar som no ligg føre i norsk gjendikting.
Horats, eller Quintus Horatius Flaccus (61-8 f. Kr) som han heitte fullt ut, levde i ei blømingstid som Romarriket opplevde under det fredfulle styret til keisar Augustus. Han sette jammod og nøysemd i høgsætet. Det pregar både livssoga og dikta hans. Han takka nei til høge stillingar i Roma og valde heller eit enkelt bondeliv i Sabinardalen. Herifrå sender han odar og hymner til kjende og ukjende romarar. Ikkje berre heidrar han keisar Augustus og verjaren sin,Mæcenas, på line med latinske gudar, men han reflekterer òg over den politiske gangen i samtida, dei store livsspørsmåla og det essensielle ved poesi. I odanekritiserer han luksusdyrkinga blant romerske statsmenn, oppmodar unge menn til å studere filosofi framfor å gå i krigsteneste, og jamfører seg som diktar heller med bia enn svana, som han reserverer for den store epikaren Vergil. Slik skildrar han livet i Sabinardalen:
Truskap og eit raust talent
er mitt, og tidt dei rike meg vil leita;
enkle kår, men aldri meir
eg tryglar gudar om, og ingen mektig
ven om større rom,for min
sabinargard har gjort meg rik på lukke.(Ode II, 18)
Mange motiv hos Horats kjenner vi att frå nyare litteratur. Dømet ovanfor inneheld hyllinga av det enkle livet på landet motsett sedløysa i byen, den såkalla pastorale diktinga, ein sjanger vi høyrer ekko av i «heimstaddiktinga», og som det finst mange døme på i nynorsklitteraturen. Eit kjærleiksdikt til ei uoppnåeleg kvinne er temaet i ein annan ode. Over to hundre år seinare kom slike scener til å bli reindyrka i den såkalla høviske dikting: Gåver, bøner og bleik glans i ein elskars trekk rører visst ikkje deg meir enn at mannen din no ei gresk dros har valt; likevel; Høyr og vis medynk med ein som ligg på kne. Du er ubøyeleg, mest lik ei flinthard eik,medan hjarta ditt er umildt som maurisk orm. Vit at eg ikkje vil vakta til evig tid trammen din under regntung sky.(Ode III, 15) Endå desse motiva kan førast attende til Horats, skal ein likevel vera varsam med å karakterisere romaren som «original» og «nyskapande». Horats legg ikkje skjul på at han i stor grad imiterer eldre gresk dikting, til dømes Pindar og Sapfo, diktarar som vi berre kjenner i einskilddikt og fragment i dag. Gjendiktaren Johannes Gjerdåker har teke omsyn til både ord-tydinga og det metriske mønstret. Når ein har i minnet at Horats er ein meister i fortetting - å seia mykje med få ord; eit av dei fremste kjenneteikna åt poesien - står det respekt av dette arbeidet. Gjerdåker er tru mot originalen og overfører samstundes dikta til ein naturleg norsk.
Er så interessa for latin i strid med målodling og norskdom? Nei, sjølvsagt ikkje. Skalden frå Sabinardalen har i over to hundre år vekt leselyst hosnordmenn. Alt i 1797 sette Hans Hansson (1777-1837) Horats om til telemål. Sidan har forfattarar som Aasmund O. Vinje og ErikEggen prøvd seg. Den sistnemnde var del av eit særeige litteraturmiljø som såg på gjendikting av latinsk litteratur som ei like viktig kulturoppgåve somomsetjing av norrøne tekster og formidling av folkeminne og lokalsoge. Det er denne rike kulturtradisjonen Johannes Gjerdåker byggjer vidare på, og som omsetjingsarbeidet hans må sjåast i ljos av. Det er ei lang nynorsk interesse for latinsk språk og litteratur som kulminerer i desse vakre gjendiktingane av Horats-odar.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar